(Foto: DFS Landsskyttarstemnet)

Foto: DFS Landsskyttarstemnet

Skyttarstemnet Oslo Open

Isak skaut til gull

Isak Frøysadal Hauge (13) skaut seg til topp-plassering i Oslo Open i helga.

Dette melder nettstaden "Skyting på Sunnmøre" søndag kveld.

Oslo Open blir av skyttarar rekna som det uoffisielle Noregsmeisterskapet innandørs, sidan Landsskyttarstemnet kun skyt utandørs.

Isak Frøysadal Hauge var ein favoritt i rekruttklassa før finalen, etter å ha skote 250 poeng (full pott) som den einaste i klassen.

Han vart best i eiga klasse, men òg femte beste skyttar under 18 år. Isak Frøysadal Hauge er 13 år, så det er ein svært god prestasjon.

Hauge vann med knappe 0, 1 poeng føre regjerande Noregsmeister i rekruttklassa Caroline Finnestad Lund frå Søgne.

Martine Sve vart beste sunnmøring i U18, som vart nummer fire i sin klasse (eldre rekrutt) og i U18. Ho var heilt likt med Gaute Grøterud frå Sigdal etter ti finaleskot, men Grøterud skaut 0, 3 poeng betre på det eine omskytingsskotet.

Den tredje finaleskyttaren frå Sunnmøre, Ola Johan Dybvik, vart til slutt nummer seks i klassen eldre rekrutt og nummer ti i U18.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Politiet i Møre og Romsdal

Brann og politi i same sentral

Justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen opna tysdag den nye samlokaliserte sentralen for politi og brann i Ålesund.

Kyrkjebesøk

Framførte Alf Prøysen si jul

Juleforteljinga vart gjort levande med Alf Prøysen si Julekveldsvise, då elevar frå 1.- 3. klasse ved Ringstad skule besøkte Stranda Kyrkje tysdag.

Fv 60 ved Hellesylt

Open for trafikk

Tek i bruk anlegg for 4,9 mill kroner

Klar for ny sesong i Hyttehola

Hyttehola er eit fleirbruksanlegg til 4,9 millionar der idrettslaget og skyttarlaget i Sunnylven står skulder ved skulder.

Politiet i Møre og Romsdal

Brann og politi i same sentral

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.