Øvingane er i gong

Lovar romjulsfarse i Sunnylven

Hellesylt ungdomslag si teatergruppe er i gong med øvingane til romjulsfarse fjerde juledag.

  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Nyhende

- Vi har akkurat starta øvingane, og skal vere klare fjerde juledag som tradisjonen er, stadfester Marianne Fivelstad i Hellesylt ungdomslag til Sunnmøringen.

Den tradisjonelle romjulsfarsen har hatt to år pause, etter vansker med å få folk til å stille på romjulsløye.

Men i år stiller HUL med "Her går det for seg" av Arnljot Grimstad. Ingrediensane i farsen involverer både ei giftesjuk dotter (Marianne Fivelstad), fleire friarar (deriblant Lasse Langlo) og ein far (Knut Dag Langeland) som slit med merra si.

I andre roller finn vi Linn Kammen, Jarl Vegard Røyrhus Eliassen og Ottar Frøysa Hellebostad.

Øvingane byrja i november, og gjengen blir leda med stødig hand av instruktør Kirsti Ramnefjell. Sufflør er Randi Sæter.