Toppserien og Stranda IL J16

Ny siger til Stranda

Stranda slo Levanger 27-21 i J16 Toppserien i føremiddag.

Handball: J16-laget til Stranda Handball skal spele nye kampar i helga, denne gongen i Aasheimhallen i Trondheim. Arkivfoto: Arild Ringdal  Foto: Arild Ringdal

Nyhende

Stillinga ved pause var 13-11.

Dessverre har ikkje resultata i dei andre kampane gått Stranda sin veg.

Det beste Stranda kan håpe på før siste kamp er å kome på lik poengsum som Vestnes og Frøya, men vil ryke ut av sjansen til å spele i Bringserien etter jul på innbyrdes oppgjer.

I kampen mot Levanger scora Hanne Thunem (1), Emma Orheim(1), Ingvild Græsdal(8), Sofija Cvetkovic(2), Hanna Flydal Vågsæter(5), Silje Engeset(1), Helga Pedersen Lersveen(3), Solveig Orheim(4) og Sara Hoel Røyr(2)

Stranda avsluttar helga i Stjørdal med kamp mot Volda seinare i dag.