På Sunnmøre:

Betydeleg snøskredfare

Illustrasjonsfoto.  Foto: Oscar Almgren/Uteguiden AS (Arkiv)

Nyhende

Snødekket har blitt påverka av mildvêr i fleire omgangar, seinast på laurdag, skriv varsom.no. Same dag melde dei at det hadde blitt observert eit vått skred (str. 2) i Stordal, i nærleiken av Arena Overøye alpinanlegg.

Dei varslar no at det er betydeleg snøskredfare på Sunnmøre både i dag, måndag og i morgon.

– I leområde er det ustabil, fersk fokksnø og overflaterim som kan ha blitt snødd eller føyka ned. Sprekkar i snødekket og drønnelydar er tydelege teikn på ustabilitet, står det å lese på varsom.no.

Dei ber alle som ferdast ute om å ta alarmteikn som naturleg utløyste skred, sprekkar i snødekket og drønnelydar på alvor.

– Unngå ferdsel i skredterreng og i utløpsområde. Det er størst sjanse for å løyse ut skred der snødekket er tynt, nær rygger og framstikkende steinar. Fjernutløysing er sannsynleg.

– Det krev mykje kunnskap å kjenne att svake lag i snødekket. Drønnelydar og skytande sprekkar er tydelege teikn, men fråvær av slike teikn betyr ikkje at det er trygt. Ver ekstra forsiktig etter snøfall eller vind, og i periodar med temperaturstigning.

Til og med tysdag er varselsgraden på Sunnmøre 3 (betydeleg).