Det er venta mykje regn på Vestlandet, opptil 400 millimeter frå tysdag til og med torsdag. Illustrasjonsfoto.
            (Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix)

Det er venta mykje regn på Vestlandet, opptil 400 millimeter frå tysdag til og med torsdag. Illustrasjonsfoto.Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

NVE:

Varslar flaum på Vestlandet

Opptil 400 millimeter nedbør kombinert med høge temperaturar og vind gjer at NVE har gått ut med flaumvarsel på oransje nivå for Vestlandet.

Oransje nivå er det nest høgste nivået på flaumvarsla frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), og det beskriv ein alvorleg situasjon med sannsyn for alvorlege skader.

Flaumvarselet gjeld for Rogaland og Hordaland, men også Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane vil merke den kraftige nedbøren. Situasjonen blir forverra av at relativt høge temperaturar sørgjer for kraftig snøsmelting i tillegg til den kraftige nedbøren.

Det er vanta mykje regn, opptil 400 millimeter frå tysdag til og med torsdag. Mesteparten av nedbøren kjem allereie tysdag – då er det meldt opptil 200 millimeter på 24 timar. Det er venta ytterlegare 100 millimeter nedbør onsdag og opptil 60 millimeter på torsdag.

Vêret medfører også stor fare for jord- og sørpeskred. Med gjeldande prognose er sørlege delar av Vestlandet mest utsette på tysdag. Onsdag og torsdag kan delar av Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal også vere utsette. Faren for jord-, sørpe- og flaumskred aukar spesielt tysdag ettermiddag, heiter det i varselet frå NVE.

(©NPK)

innenriks.vaktsjef@ntb.no

Bilete: tabe7a05

Det er venta mykje regn på Vestlandet, opptil 400 millimeter frå tysdag til og med torsdag. Illustrasjonsfoto: Torstein Bøe / NTB scanpix

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Politiet i Møre og Romsdal

Brann og politi i same sentral

Justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen opna tysdag den nye samlokaliserte sentralen for politi og brann i Ålesund.

Kyrkjebesøk

Framførte Alf Prøysen si jul

Juleforteljinga vart gjort levande med Alf Prøysen si Julekveldsvise, då elevar frå 1.- 3. klasse ved Ringstad skule besøkte Stranda Kyrkje tysdag.

Fv 60 ved Hellesylt

Open for trafikk

Tek i bruk anlegg for 4,9 mill kroner

Klar for ny sesong i Hyttehola

Hyttehola er eit fleirbruksanlegg til 4,9 millionar der idrettslaget og skyttarlaget i Sunnylven står skulder ved skulder.

Politiet i Møre og Romsdal

Brann og politi i same sentral

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.