Verdsarvskule På Eidsdal skule si heimeside kan ein lese at satsinga har vore eit delprosjekt i bygdesatsinga «Grøn handling – Green action». Dette er igjen ein del av satsinga «Grøn fjord 2020».
            (Foto: Arkiv)

Verdsarvskule På Eidsdal skule si heimeside kan ein lese at satsinga har vore eit delprosjekt i bygdesatsinga «Grøn handling – Green action». Dette er igjen ein del av satsinga «Grøn fjord 2020».Foto: Arkiv

Fredag:

Opnar verdsarvskulen i Eidsdal

Fredag blir det markering av Eidsdal skule som ny verdsarvskule – med besøk av Gaute Gneis, «Verdsarvdåp» og sjølvsagt kake.

Elevane har vore delaktige i å forme ut eit nytt skilt til skulen, med eigen logo, står det å lese i ei pressemelding. Fredag skal dette høgtidleg avdukast saman med varaordførar Per Magnus Berdal og rådmann Karl Andre Birkhol i Norddal kommune. Inviterte er òg mange av skulen sine støttespelarar i dei to bygdene Eidsdal og Norddal, samt alle andre som har lyst til å vere med på markeringa.

Målet no er at kunnskap om verdsarven og verdiane som finst i området skal inn i alle fag og trinn.

På skulen si heimeside kan ein lese at ambisjonen er å bli ein pilotskule når det gjeld formidling og prosjektarbeid med grunnlag i verdsarvverdiane, berekraftig utvikling, miljøvenleg energibruk og ivaretaking av natur, kultur og miljø.

Ein legg opp til ein bevisst bruk av verdsarvområdet med omland for å nå måla i læreplanen.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Politiet i Møre og Romsdal

Brann og politi i same sentral

Justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen opna tysdag den nye samlokaliserte sentralen for politi og brann i Ålesund.

Kyrkjebesøk

Framførte Alf Prøysen si jul

Juleforteljinga vart gjort levande med Alf Prøysen si Julekveldsvise, då elevar frå 1.- 3. klasse ved Ringstad skule besøkte Stranda Kyrkje tysdag.

Fv 60 ved Hellesylt

Open for trafikk

Tek i bruk anlegg for 4,9 mill kroner

Klar for ny sesong i Hyttehola

Hyttehola er eit fleirbruksanlegg til 4,9 millionar der idrettslaget og skyttarlaget i Sunnylven står skulder ved skulder.

Politiet i Møre og Romsdal

Brann og politi i same sentral

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.