Eksporten av norsk sjømat:

Passerer fjoråret med god margin

Noreg vil fram til årsskiftet ha eksportert meir sjømat til utlandet enn i 2016. Også verdien av sjømateksporten er høgare enn i fjor.

Illustrasjonsbilete.  Foto: Marte Christensen / NTB scanpix

Nyhende

I november aleine blei det eksportert 286.000 tonn sjømat, ein auke i volum på 25 prosent frå same månad i fjor. Prisane var likevel lågare, så eksportverdien er dermed på same nivå som i november i fjor, viser tal frå Noregs sjømatråd.

Hittil i år har Noreg eksportert 2,4 millionar tonn sjømat til ein verdi av 86,5 milliardar kroner. Volumet har auka med 6 prosent, mens verdien har økt med 4 prosent – 3,3 milliardar kroner.

– Trass i at prisen på laks held fram å søkke, ventar vi at total eksportverdi for norsk sjømat i 2017 vil passere 2016 med god margin. Forklaringa er auka volum på laks, og eit framleis relativt høgt prisnivå, seier Asbjørn Warvik Rørtveit, direktør for marknadsinnsikt i Noregs sjømatråd.

Sjømatrådet ventar derimot ein svakare desembermånad i år enn i fjor, blant anna på grunn av framleis høg laksepris ut til forbrukarane.

– Dette gjeld spesielt røykjelaksmarknaden, der viktige marknader som Tyskland og Frankrike spør etter mindre volum enn i fjor, seier analytikar Paul T. Aandahl i Noregs sjømatråd.

(©NPK)