Mållaget lyser ut stipend

Nyhende

Noregs Mållag vil ha søkarar til to nynorskstipend på 50.000 kroner kvar til prosjekt som kan fremje nynorsken.

Særleg er Mållaget interesserte i prosjekt som går ut på å få nynorsken i bruk på område der han frå før er lite brukt.

Stipenda er arbeidsstipend og kan ikkje nyttast til utdanning eller reiser, og stipendiatane må levere sluttrapport om prosjektet til Mållaget.

Søknadsfristen er 5. februar 2018.

(©NPK)