OBS-varsel:

Risiko for stormflo torsdag

Ifølgje tidevasstabellen var vasstanden 231 cm på Stranda kl. 12.35 onsdag. Den er no på veg ned att, og er berekna til å vere ca. 40 cm kl. 19 i kveld.  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Det er venta stormflo på Vestlandet og i Trøndelag torsdag, melder yr.no.

Det er risiko for høg vasstand frå Stavanger til Rørvik, estimert til 35–45 cm over verdiane i tidevasstabellen, står det å lese i OBS-varselet. Varselet gjeld frå klokka 10.00 til kl. 17.00 torsdag.

I skrivande stund er det berre ferda ut obs-varsel for Hellesylt i Sunnmøringen sitt nedslagsfelt, men vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet stadfester at varselet gjeld heile kysten og alle fjordstrøk frå Rogaland til Nord Trøndelag.

Kan bli storm fredag

Yr.no skriv at det òg er auka overvakinga på Sunnmøre og i Sogn og Fjordane fredag. Då kan vinden kome opp i vest- og nordvest full storm eller storm, med styrke på 30 m/s på kysten og i fjellet. Vindkasta kan bli 35–40 m/s innover land.

– Stormsenteret ser ut til å kome inn mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Små endringar i plassering av lågtrykket kan gi store utslag. I desse områda er det derfor ekstra stor uvisse i prognosane.