Meterologisk institutt:

Varslar kraftig vind på Sunnmøre

Illustrasjonsbilete.  Foto: Gry Thunes/Colourbox.com

Nyhende

Frå torsdag kveld er det venta sørleg sterk kuling utsette stader i Møre og Romsdal, med lokale vindkast på 30-40m/s. Det melder Meteorologisk institutt i eit OBS-varsel.

Natt til fredag er det venta at vinden vil minke til sørvest opp i liten kuling, for deretter å auke igjen til nordvest sterk kuling fredag ettermiddag. Då kan det hende at vinden kjem opp i full storm.

Varselet om svært kraftig vind gjeld frå torsdag til laurdag morgon, då vinden er venta å avta.

Meteorologisk Institutt ber folk om å sikre alle lause gjenstandar og unngå å bevege seg ute med mindre dette er nødvendig.