Meteorologane:

Fryktar orkan i Midt-Noreg

Eit hissig lågtrykk kan i helga føre til orkan med vindkast opp i 40 meter per sekund i Møre og Romsdal og Trøndelag, åtvarar Meteorologisk institutt.

Eit hissig lågtrykk kan i helga føre til orkan med vindkast opp i 40 meter per sekund i Møre og Romsdal og Trøndelag. Spesielt ille kan det bli i området Fosen–Trondheimsfjorden. Bildet viser fyret Dora ved Ladehammeren i Trondheimsfjorden. Arkivbilete.Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Nyhende

Det kraftige og uføreseielege lågtrykket er i ferd med å bli danna ved Island og kan treffe Noreg nord for Stad søndag morgon og formiddag.

Meteorologisk institutt går derfor fredag ut med eit varsel i såkalla Fase A. noko som inneber at vêrsituasjonen kan bli farleg og er sett under auka observasjon, ifølgje Yr.

– Dersom prognosen ikkje endrar seg det kommande døgnet, luktar det Fase B av dette. Då blir det erklært som ekstremvêr og vil få eit eige namn, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Vinden vil først gå langs kysten av Møre og Romsdal som får sørvestleg sterk storm søndag morgon, før den på formiddagen skiftar retning og går rett på land i Trøndelag. Utover formiddagen vil uvêret også treffe Helgelandskysten.

Sør-Trøndelag ligg an til å få den sterkaste vinden og spesielt i området Fosen–Trondheimsfjorden meiner meteorologane at vinden kan komme opp i orkan styrke, likevel kortvarig.

Vinden kan resultere i stengde fjellovergangar. Utover søndagen vil lågtrykket venteleg trekkje inn i Sverige.

Meteorologane følgjer lågtrykksdanninga tett og vil komme med eit nytt varsel laurdag.

(©NPK)