Véret

Norangdalen framleis stengd

Statens vegvesen meiner det ikkje er forsvarleg å køyre i Norangdalen.
Nyhende

Fylkesveg 655 i Norangsdalen vil forbli stengd grunna vèret, melder Vegtrafikksentralen på Twitter søndag ettermiddag. Ny vurdering om opning av vegen vil bli gjort i morgon måndag.

Fylkesvei 655 i Norangsdalen vart stengd klokka 22 laurdag kveld på grunn av uvéret som var venta. Ein vil vurdere stenginga søndag når uveret har passert, meldte Vegtrafikksentralen då.

Plukke inn lause gjentandar

Møre og Romsdal 110-sentral oppforda laurdag kveld folk til å ta en ekstra runde rundt huset for å plukke inn akebrett, snøskuffer og liknande.

- Det blir litt kjedelig dersom du må kjøpe nye vinduge til naboen, twitra 110-sentralen.

Twitter-melding

- Har du båt kan det vere lurt å ta ein kontroll på fortøyningane, skriv dei på Twitter.

Frå meteorologisk institutt vart det i vérmeldinga meldt at det verste véret ville gå nord for Sunnmøre.