Frå hausten 2018:

HPV-vaksine til gutar

Illustrasjonsbilete.Foto: Poprotskiy Alexey/Colourbox.com

Nyhende

Til hausten får gutar på 7. klassetrinn tilbod om vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom barnevaksinasjonsprogrammet på lik linje med jenter, opplyser Folkehelseinstituttet.

Stortinget har vedteke statsbudsjettet for 2018, der det blei fastslått at HPV-vaksinen også skal bli tilbydd gutar frå skuleåret 2018/2019. HPV-vaksinen har vore eit tilbod til jenter på 7. klassetrinn sidan 2009.

På 1990-talet fann ein ut at HPV kan føre til kreft i livmorhalsen og ytre kjønnsorgan hos kvinner. Sidan er det vist at HPV også kan forårsake andre former for kreft hos kvinner og menn. Langvarig HPV-infeksjon kan føre til kreft i munn, svelg og endetarmsopning hos begge kjønn, i tillegg til penis hos menn. Desse kreftformene kjem i all hovudsak HPV-typane 16 og 18, som vaksinen beskyttar mot.

– Førekomsten av kreft i munn og svelg blant menn er aukande, og rammer fire gonger så hyppig hos menn som hos kvinner. HPV-vaksine vert no tilbydd til begge kjønn og gir lik moglegheit til individuell beskyttelse mot HPV-relatert kreft, seier Ingeborg Aaberge, fagdirektør for vaksinar ved Folkehelseinstituttet.

(©NPK)