Cruiseplan for Vestlandet får kritikk

Den nye cruiseplanen til Vestlandsrådet er for vag og lite konkret blir det hevda.

Fleire etterlyser meir konkrete tiltak i cruiseplanen til Vestlandsrådet.Foto: Andrea Øien Sæverud / NPK

Nyhende

Vestlandsrådet har i lengre tid arbeidd med ein cruiseplan for dei fire vestlandsfylka. I fjor haust blei planen send ut på høyring. Fristen for å koma med høyringssvar gjekk ut 2. januar.

Dei fleste som har kome med tilbakemeldingar er ifylgje NRK samde i målet om at cruisenæringa må bli meir berekraftig, men fleire meiner planen er for lite konkret og reiser spørsmål om nytteverdien. Uklar ansvarsfordeling er ei anna innvendig.

– Vi ser ikkje kvifor vi skal bruka tid og energi på ein handlingsplan, når vi har organisasjonar som Cruise Norway, Cruise Europe, Fjord Norge, Innovasjon Norge og destinasjonsselskap som allereie samarbeider heilt utmerkt, seier hamnesjef Rita Berstad Maraak som styrer cruisehamna i Geiranger til NRK.

Også bransjesjefen i NHO Reiseliv Vest-Norge, Wenche Salthella, er kritisk. Ho høyrer til dei som meiner planen er for vag og fryktar at han vil hamna i ei skrivebordsskuff.

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling avviser kritikken. Ho meiner planen kan ha mykje å seia dersom fylkespolitikarane greier å samla seg om nokre felles mål.

Fylkespolitikarane i dei fire vestlandsfylka skal alle behandla cruiseplanen før han blir endeleg godkjent av Vestlandsrådet.

(©NPK)