Spørjeundersøking om grensejustering i Liabygda:

Fylkesmannen endrar siste svaralternativ

Telefonintervju: Liabygdarar over 16 år blir kontakta per telefon i veke tre og fire.Foto: Johan Behrentz

Nyhende

– Det har kome tilbakemeldingar på svaralternativa i spørsmålet som innbyggarane i Liabygda får å svare på i spørjeundersøkinga (om grensejustering, red.mrk). Vi har difor endra siste svaralternativet, skriv assisterande fylkesmann Rigmor Brøste i eit brev 6. januar.

Spørsmålet er framleis kva kommune ein meiner Liabygda skal høyre til i framtida, men det tredje svaralternativet er endra frå «anna» til «veit ikkje». Dei to andre alternativa er som før, «bli i Stranda kommune» eller «overflytting til nye Fjord kommune».

Brevet frå Brøste dreier seg om faktainformasjon som no er samla inn med omsyn til dei fem grensejusteringssakene dei har på bordet her i fylket. Fylkesmannen har lagt ut alt dei har av informasjon om dette på heimesida si, og oppfordrar dei råka kommunane til å gjere det same.

Startar neste veke

Spørjeundersøkinga blir gjennomført i neste veke, veke 3, samt i veke 4. Fylkesmannen opplyser at alle over 16 år vil få ein telefon frå Opinion AS. Dei vil spørje om kjønn og alder på vedkomande dei pratar med, men svaret som blir gitt er anonymt.

Tidspunktet for oppringing er som følgjer:

  • Normalt på kvardagar måndag – torsdag: kl. 16.00 til 22.00
  • Fredag: kl. 16.00 til 20.00
  • Laurdag: kl. 13.00 til 18.00

Tidlegare har Stranda kommune fått i oppdrag å samle inn telefonnummer på alle over 16 år i Liabygda. Alle tilgjengelege nummer på denne lista vil bli ringt opp inntil 10 gonger, opplyser Fylkesmannen.

Svar på spørjeundersøkinga blir sendt ut i veke 6 (5.-11. februar), og kommunane har svarfrist til veke 9 på høyringa av grensejusteringa. Sluttmøte med tilråding frå fylkesmannen er sett til 21. mars.