Fv. 655 Norangsdalen:

Open for trafikk – men blir stengt igjen til kvelden

Nyhende

NRK Trafikk skriv på Twitter at fv. 655 Norangsdalen er open for trafikk frå klokka 11.00 i dag, tysdag.

Vegen blei stengt i forkant av uvêret «Cora».

Fylkesvegen blir derimot stengt igjen klokka 22.00 i kveld på grunn av rasfare, opplyser Statens vegvesen.

– Det vil bli løpande vurdering, ut frå vêrforhold, om vegen blir opna i dagane framover, skriv vegvesenet på Twitter.