Strengare brannvern set små kommunar i knipe

Eit nytt forslag om meir profesjonelt brannvern i kommunane, kan koma til å skapa problem for små kommunar.

Ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) seier til NRK at Stranda kommune ikkje vil greie å stette eit krav om tre fulltidstilsette i brannvernet. Arkivbilete.Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Ein brannstudie frå 2013 viser ifylgje NRK at heile to tredelar av dei 264 brannsjefane her i landet var deltidstilsette med ansvar for lovpålagde oppgåver.

Men no føreslår Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap at det må tre kvalifiserte personar i heil stilling til for å leia brann- og redningstenesta i kommunane. Forslaget byggjer på rapportar frå ei rekkje storbrannar dei seinare åra.

– Det er helt utenkjeleg at vi skal klare dette åleine. Det inneber at vi må søke samarbeid med andre kommunar. Dersom det ikkje fungerer, blir dette eit nytt skritt i retning av at vi må bli ein del av ein større kommune, seier ordførar i Stranda kommune Jan Ove Tryggestad (Sp) i ein kommentar til NRK.

I dag er det éin brannsjef i full stilling i Stranda, medan resten av brannvesenet er basert på deltidsteneste.

Direktoratet meiner løysinga er at kommunane samarbeider om brannvern. Ordførar i Sandøy Oddvar Myklebust (Ap) meiner derimot dette kan bli ei utfordring i samband med kommunesamanslåing og kommunar som har valt å stå åleine.

(©NPK)