Trafikkulykke ved Engeset

Kollisjon på FV60

Tre bilar involvert i kollisjon i firetida på FV60 ved krysset opp til Engeset.

Trafikkuhellet på Dalevegen ved krysset opp til Engeset skjedde i firetida. Det var ein periode manuell dirigering på staden, i følge 110-sentralen er vegen no rydda og ope for trafikk i begge retningar. Foto: Ramune Montvilaite-Bilaisiene

Nyhende

Då Sunnmøringen sin reportar var på staden kvart på fem, var det manuell dirigering av trafikken på staden.

På veg ut av Stranda tettstad var det då nullføre på vegen, tidlegare har det vore meldt om glatt veg i Sunnylven.

Skadestaden er no rydda og opna for trafikk igjen, melder 110-sentralen på Twitter.