Semitrailer utfor vegen på FV60

Sjåfør frakta med legehelikopter

Nyhende

Kl. 13.28 melde politiet i Møre og Romsdal at ein semitrailer har køyrd av vegen ved Hellesylt.

– Føraren er ute av bilen, skreiv dei på Twitter.

Politiets operasjonssentral i Ålesund, fortel at sjåføren vart frakta frå staden i legehelikopter.

- Sjåføren er transportert vekk med legehelikopter. Han var medviten då han vart frakta med helikopteret, det er den siste informasjonen vi har, fortel Jon Kåre Flo ved operasjonssentralen.

Semitraileren ligg utfor vegen på FV60 ved Hellesylt vandrarheim. Det er ifølge politiet meldt om at det skal vere glatt veg i området.

Det er ikkje trafikale problem i området.