Liabygda skule vert nedlagd frå 1. august

Tilrår flytting av elevane til Ringstad

Helse-, oppvekst- og kulturutvalet (HOK) får tysdag saka om Liabygda skule til handsaming.
Nyhende

Rådmannen tilrår at elevane blir flytta til Ringstad skule frå skulestart skuleåret 2018/2019. Grunnen til at Liabygda skule er vedteken nedlagt, er svak elevtalsutvikling.

Foreldreutvalet (FAU) ved Liabygda skule har tidlegare gitt uttale i saka, og ønska at elevane skulle overførast til Valldal.

Saka var oppe til handsaming første gong i HOK i april 2017. Då tilrådde rådmannen at Liabygda skule skulle leggast ned frå 1. august 2017. Dette vart vedtatt utsett til året etter, altså 1. august 2018.

FAU ved Liabygda skule stilte seg sterkt kritiske til rådmannen si første innstilling til HOK, som ikkje hadde utgreidd Stordal eller Norddal som alternativ for elevane i Liabygda.

At elevane måtte med ferje over til Stranda, var noko som uroa mange foreldre.

Ba om utgreiing

Kommunestyret vedtok i 2017 med 13 mot 12 røyster å legge ned Liabygda skule. I vedtaket står det i punkt 3. a):

- Alternativ er flytting av elevane til Ringstad skule, eller samarbeid med Norddal eller Stordal. Desse alternativa skal utgreiast hausten 2017.

I saksinnstillinga til HOK skriv rådmannen:

- Stranda kommune skal oppfylle elevane sine rettar. Desse rettane vert oppfylt ved at elevane går på Ringstad skule og at skyssen er organisert på ein sikker måte for elvane. Reisetida er innanfor anbefalte krav. Rett nok er den lenger enn den vil vere til Valldal skule, skriv rådmannen.

I saksutgreiinga skriv rådmannen at ein det tyngste argumentet til FAU ved Liabygda skule, var den sosiale delen for elevane.

- Det må takast stilling til om Stranda kommune skal organisere sitt skuletilbod etter korleis fritida kan arte seg for elevane og dei føresette. Fritid, iallefall for dei yngste levane si moglegheit til å vere med på aktivitetar, vil alltid bero på dei føresette si moglegheit og vilje til å bidra, skriv rådmannen.

Det vert poengtert at å kjøpe skuleplass i ein annan kommune er meir uføreseieleg økonomisk sett enn eiga drift. Kostnadene per elev i Stranda vil òg auke fordi kjøp av skuleplass vil auke utgiftene totalt sett.

- Stranda kommune ved rådmannen skal sjå til at innbyggarane får det dei har rett på, og at dei midlane kommunen har til rådigheit vert brukt til det beste for alle innbyggarane innanfor alle sektorar. Stranda kommune er ein Robek-kommune, og har forplikta seg til å nytte alle potensielle moglegheiter til å redusere kostnader. Rådmannen innstiller difor på at elevane skal gå på Ringstad skule, heiter det i saksutgreiinga.

Innhenta pris frå Stordal og Norddal

Stranda kommune har innhenta pris på kjøp av skuleplass frå august, frå både Norddal og Stordal. Tilbodet frå begge kommunane ligg på 134. 989 kroner per elev (2016-tal).

Kostnadene for kjøp av plass med bakgrunn i kjende elevtal blir då med 2016-tala:

2018: 14 elevar x 134. 989 kroner - 797. 435 kroner

2019: 15 elevar x 134.989 kroner - 1. 619 868 kroner

2020: 17 elevar x 134.989 kroner - 2. 294 813 kroner

- Dersom det blir kjøpt skuleplass i ein annan kommune bør òg SFO-tilbodet i den kommunen nyttast. Det vert då ikkje tilbod om SFO i barnehagen, står det i saksutgreiinga.

Skysskostnadene er berekna til å utgjere omlag det same anten elevane går på Stranda eller i Valldal. Om ein vedtek bussløysing for elevane frå 1. - 4. klasse med ferja til Ringstad, vil dette utgjere ein kostnad på rundt 450. 000 kroner.

Kommunen forventer å spare 528. 644 kroner på nedlegging av Liabygda skule frå 1. august.