Reguleringsplanen for Dønheimgrenda

Trekk motsegna

Fylkesmannen har varsla Stranda kommune om at motsegna som vart reist mot reguleringsplanen for Dønheimgrenda er trekt.

Dønheimgrenda hyttefelt sin reguleringsplan har vore ute på høyring. Fylkesmannen varsla før jul motsegn mot planen, men har no trekt motsegna tilbake etter at skredfaren er avklart.  Foto: Faksimile: Plankart Dønheimsgrenda, Grinaker Utvikling AS

Nyhende

Bakgrunnen for dette, er at Stranda kommune har sendt ny informasjon til fylkesmannen førre veke.

Det vart då opplyst om at NGI har gjort ei skredfarekartlegging for Moldskreddalen-Habostaddalen og Hevsdalen i 2007, der skredfaren vart avklart.

Planområdet viser at grensa for 100års-skred er lagt inn som ei omsynssone, med tilhøyrande føresegn. Skredfaren er på eit mindre areal som ligg inne som grøntstruktur i planen, noko kommunen meiner at i praksis ikkje då er skredfare mot dei planlagde tomtene.

Hyttefelt i Hevsdalen

Dønheimgrenda er eit hyttefelt under planlegging i Hevsdalen, avgrensa mot Sætrevegen i aust og nord. Hyttefeltet er fordelt på 11 nye tomter og ei eksisterande tomt.

Reguleringsplanen var ute på høyring før jul, og fylkesmannen fremja då motsegn fordi ei av tomtene låg innanfor NGI sitt aksemdskart for snø- og steinskred.

Dei fremja motsegn i saka fram til skredfaren vart avklart, noko som kommunen no har gjort.