Ødegårdsvegen

Informasjonsmøte om vegutviding

Huseigarar i Langlo- og Ødegårdsvegen har stilt spørsmål om korleis den planlagde utvidinga av vegen vil råke eigedomane.

Betre sikt Målet med gang- og sykkelvegen er òg å auke frisikta frå avkøyrslane i Ødegårdsvegen, står det å lese i planomtalen.  Foto: Anniken Westad

Nyhende

I den anledning inviterer Stranda kommune til informasjonsmøte onsdag 31. januar. Der vil dei og plankonsulenten orientere, før dei frammøtte kan stille sine spørsmål.

Gangveg

I detaljreguleringa, som ligg ute til ettersyn fram til 7. februar, kan ein lese at planen er å forlenge gang- og sykkelvegen frå der den sluttar i dag (Langlovegen 27) og ned til Ødegårdsvegen 96. I samband med dette vil ein òg utvide vegen frå 5-5,5 meter til mellom 6,25 og 6,5 meter.

Gangvegen vil etter planen vere 3 meter brei, medan størrelsen på grøfter, skuldrer og ev. støttemurar vil variere.