Stranda

Domfelt for narkotika

Ein strandar er domfelt i Sunnmøre tingrett for oppbevaring av amfetamin.

Domfelt Ein strandar er domfelt for oppbevaring av amfetamin. Vedkommande vart dømt til fengsel i seksti dagar.   Foto: Arkiv

Nyhende

Det var på i 2016 at politiet gjorde ei ransaking av bustaden til tiltalte etter lengre tid mistanke om oppbevaring av narkotika. Politiet fann då amfetamin i bustaden. Forholdet vart erkjent av tiltalte i avhøyr.

Tiltalte samtykka då til tilståingsdom, men trakk seinare tilbake samtykket i retten då saka vart handsama i tingretten i 2017.

Tiltalte meinte at stoffet var tynna ut, og at det var naudsynt med vidare etterforsking. Ved analyse av amfetaminet, vart det konkludert med at stoffet hadde gjennomsnittleg styrkegrad – ei styrke på 23 %.

Tiltalte er tidlegare domfelt, og dette vart vektlagd som skjerpande på straffeutmålinga av retten.

Tiltalte vart av ein samrøystes tingrett dømt til fengsel i seksti dagar, som er ein fellesstraff med ein dom på vilkår frå 2016.

Tiltalte vart vidare dømt til å betale sakskostnader til det offentlege med 3.000 kroner.