Hamnesjefen i Bergen:

Etterlyser støtte til landstraum

Hamnesjefen i Bergen etterlyser støtte til utbygging av landstraum for cruiseskip.  Foto: Kari Hamre / NPK

Nyhende

Hamnesjef Johnny Breivik i Bergen ber klimaminister Ola Elvestuen (V) gjere klart kva regjeringa no vil gjere for å leggje til rette for landstraumanlegg for cruiseskip, skriv Bergens Tidende.

Breivik viser i eit brev til statsråd Elvestuen til ei formulering Venstre fekk støtte for i budsjettforliket for 2018: "Stortinget ber regjeringa sikre at Enovas mandat omfattar utbygging av landstraum for cruiseskip i kommunal eller privat regi."

– Det var med stor glede vi registrerte at Venstre fekk fleirtal for dette. Forståinga av dette vedtaket – som «alle» på Stortinget stilte seg bak – var at Enova no skulle sørgje for at prosjekt for landstraum til cruise skulle få ein reell sjanse til støtte, skriv Breivik i brevet, som han har signert saman med dagleg leiar Lars-Henrik Paarup Michelsen i Norsk klimastiftelse og dagleg leiar Hege Økland i NCE Maritime CleanTech.

Dei tre undrar seg over at Enova no har lyst ut ein ny søknadsrunde for støtte til landstraum utan at vilkåra er endra. Landstraumanlegg til cruisebåtar er mykje dyrare enn slike anlegg til supplybåtar og hurtigruteskip, og cruisehamnene taper i praksis når dei må konkurrere på like fot med andre.

– Kva vil statsråden gjere med dette? spør dei tre i brevet.

Enova stadfestar overfor Bergens Tidende at dei ikkje har gjort nokon endringar i kriteria for å få støtte til landstraum.

– Cruisehamner kvalifiserer for støtte på like vilkår med andre hamner. Vi vil som i tidlegare utlysingar prioritere dei hamnene som har størst trafikk og potensial for bruk av landstraum, skriv kommunikasjonssjef Eiliv Flakne i ein e-post til avisa.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen lover overfor Bergens Tidende å følgje opp saka.

– Dette vedtaket vart fatta i Stortinget rett før jul. Ansvaret for Enova vart flytta over til Klima- og miljødepartementet for vel ei veke sidan. Eg vil no sjå på korleis Enova følgjer opp denne saka, seier Elvestuen til avisa.

(©NPK)