Foreløpig svar frå innbyggjarundersøkingane:

Klar tale frå Liabygda

Fleirtalet av dei spurde i Liabygda ønskjer å bli verande i Stranda kommune.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har publisert foreløpige resultat frå innbyggjarundersøkingane som er gjort i samband med grensejusteringssøknadar i fylket.

Telefonintervjua viser at eit klart fleirtal av liabygdarane (69 prosent) ønskjer å bli verande i Stranda kommune. På same tid er det 26 prosent som ønskjer å bli ein del av nye Fjord kommune, og 5 prosent som har sagt at dei ikkje veit kva dei ønsker. Svarprosenten i Liabygda er på 74 prosent.

Vil til Stranda

Også i bygdene Norddal og Eidsdal er det fleirtal for å bli ein del av Stranda kommune. I desse to bygdene seier 57 prosent at dei ønskjer å flytte over til Stranda frå Norddal kommune. 27 prosent ønskjer å bli verande i Norddal (Fjord kommune frå 1. januar 2020) og 17 prosent har svara «veit ikkje». Svarprosenten her har vore 76 prosent.


Fjord eller Stranda?

Eidsdal og Norddal må velje

Skal bygdene Norddal og Eidsdal bli med i nye Fjord kommune? Eller skal dei gå til Stranda? Det vil fylkesmannen vite, og ringjer i desse dagar til alle som bur i desse to bygdene.

 

God indikasjon på hovudresultata

Fylkesmannen opplyser at sluttrapporten kjem i veke 6 (5.-11. februar). Då får ein dei endelege resultata med forklaringar.

– Vi offentleggjer dei foreløpige resultata på bakgrunn av førespurnad frå kommunane. Opinion, som er ansvarleg for sjølve undersøkinga, melder at det er lite truleg at hovudfunna som blir presentert i veke 6 vil vere vesentleg forskjellig frå det foreløpige resultatet, skriv Fylkesmannen på heimesida si i samband med offentleggjeringa.

Kommunane har frist til 1. mars til å kome med sine høyringssvar.