Arbeidsløysetala for januar

Fleire arbeidsledige i januar

Både Stranda, Stordal og Sykkylven opplevde ei auke i talet på heilt arbeidsledige i januar.

  Foto: Børge Sandnes/Colourbox.com

Nyhende

Dette kjem fram i statistikken over talet på heilt ledige frå NAV.

Talet på heilt ledige auka i Stranda med sju personar i januar, og i Stordal med fire personar. I Sykkylven vart auken på 20 personar.

Auka kjem ifølge NAV som ei følge av normale sesongjusteringar.

Svært stor reduksjon

Ser ein på endringa siste året, så har både Norddal, Stranda og Sykkylven ein nedgong i talet på heilt ledige. For Stranda sin del er nedgangen i talet på heilt arbeidsledige på 40 personar. Norddal har ein nedgong på fem personar, medan Sykkylven har ein nedgong på ein person.

Stordal er den einaste kommunen på Indre med ei auke i talet på heilt ledige siste året. Der auka talet på heilt ledige med fem personar.

Fylket som heilskap har ei auke i talet på heilt ledige på 522 personar frå desember til januar. Siste året viser tala ein nedgong i talet på heilt arbeidsledige med 1.165 personar.

- Trass i at arbeidsløysa siste månaden har vore ganske stabil, har vi no 1.165 færre arbeidslause enn på same tid i fjor. Dette er ein svært stor reduksjon, og vi må tilbake til 2005 og 2006 for å finne eit tilsvarande fall. Vidare gjennom 2018 har vi tru på ytterlegare reduksjon, men ikkje i like stor grad som i 2017, seier fylkesidrektør i NAV Stein Veland.

Nedgong i fylket og i landet

Per januar månad er det 3.943 personar heilt utan arbeid i fylket. Dette utgjer 2,8 prosent av arbeidsstokken, og er ein nedgong i arbeidsløysa på 22, 8 prosent frå same månad i fjor.

I landet er det 71. 849 heilt arbeidslause. Dette er 2,6 prosent av arbeidsstokken, og er ein nedgong på 18,6 prosent samanlikna med same periode i fjor.