Stortinget:

Fleirtal for ny legevaktordning

Illustrasjonsbilete.  Foto: Colourbox.com

Nyhende

Opposisjonen på Stortinget vil endre krava til bakvakter ved den kommunale legevakttenesta. Hensikta er å avlaste fastlegane.

– Vi har lenge vore bekymra for at forskriftskrava til kompetanse i legevakt og utrykkingsplikt for bakvakt vil svekkje fastlegeordninga og kvaliteten i legevakt med lengre reiseveg for pasientar til akutt hjelp, seier helsepolitisk talsperson Kjersti Toppe i Senterpartiet.

Saman med SV, Ap og KrF fremmar Sp onsdag eit representantforslag om å endre krava i akuttmedisinforskrifta til bakvakt i legevakt. Partia har fleirtal på Stortinget og viser til at lang reiseavstand til legevakt er assosiert med redusert bruk av legevakt.

– Resultata kan bli at innbyggjarane perifert i store legevaktdistrikt reelt sett har dårlegare tilgang til akuttmedisinske primærhelsetenester enn innbyggjarar med kortare avstand til legevakt, hevdar Toppe.

Den aktuelle forskrifta set som krav at legar som ikkje er spesialist i allmennmedisin og utan annan vaktkompetanse, slik som turnuskandidatar, ikkje kan ha legevakt åleine. For desse må kommunen ha ei ordning med bakvakt som kan rykke ut ved behov.

Frå og med 1. mai er overgangsordninga over, og plikta gjeld for alle kommunar. Men opposisjonspartia fryktar vaktbelastninga for legane mange stadar blir for stor, og at legevakttenester dermed blir lagt ned.

– Kravet til bakvakt med utrykkingsplikt vil ikkje styrkje legevaktordninga, men svekkje ordninga i mange stadar i landet, og også svekkje rekrutteringa til fastlegeordninga. Eg forventar at Høie tar signalet raskt, og straks endrar forskrifta på dette punktet, seier Toppe.

(©NPK)