Fylkesmannen:

Har fått resultata frå spørjeundersøkingane

Illustrasjonsbilete frå arkivet.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Sluttrapporten frå Opinion er no klar, opplyser Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Selskapet har gjennomført telefonintervju med 315 folk over 16 år i Norddal og Eidsdal, og 128 i Liabygda.

Resultatet er som følgjer i Liabygda:

Kva kommune meiner du at Liabygda skal høyre til i framtida?

Bli i Stranda kommune: 68 %

Overflytting til nye Fjord kommune: 27 %

Veit ikkje: 5 %

Svarprosent: 77.

Då dei førebelse resultata blei lagt fram i slutten av januar, var det 69 prosent av liabygdarane som sa at dei ønska å bli verande i Stranda kommune og 26 prosent som ønska å bli ein del av nye Fjord kommune.

Av dei 128 som har svart, er 51 % kvinner og 49 % menn. Dei fleste er 60 år eller eldre (46%). Dei andre aldersgruppene er representert som følgjer:

  • 16–29 år: 20 %
  • 30–44 år: 15 %
  • 45–59 år: 19 %

Resultatet i Norddal/Eidsdal:

Kva kommune meiner du at Norddal og Eidsdal skal høyre til i framtida?

Bli i Norddal kommune (Fjord kommune frå 1.1.2020): 26 %

Overflytting til Stranda kommune: 57 %

Veit ikkje: 17 %

Svarprosent: 77.

I det førebelse resultatet var det 27 % som ønska å bli verande i Norddal kommune. Dei andre postane er uendra.

Av dei 315 som har svart, er 52 % kvinner og 48 % menn. Dei fleste er 60 år eller eldre (48%). Dei andre aldersgruppene er representert som følgjer:

  • 16–29 år: 22 %
  • 30–44 år: 12 %
  • 45–59 år: 19 %

Skal på høyring i kommunestyra

Fylkesmannen har også sendt ut eit høyringsbrev. Basert på resultatet frå innbyggjarhøyringa, ber dei om følgjande vurdering frå Stranda kommunestyre:

1. Kva konsekvensar vil det gi for Stranda kommune at Liabygda blir ført over til nye Fjord kommune?

2. Korleis vurderer kommunestyret resultatet frå innbyggarhøyringa?

Dei same spørsmåla blir stilt til kommunestyret i Norddal, om bygdene Norddal og Eidsdal.

Andre høyringspartar

Fylkesmannen ønskjer også uttale frå følgjande partar om grensejusteringssaka i Liabygda:

1. Fellesnemnda i nye Fjord kommune gjer greie for sitt syn på ei eventuell grensejustering av Liabygda over til nye Fjord kommune.

2. Møre og Romsdal fylkeskommune uttalar seg til ei eventuell grensejustering av Liabygda sett ut ifrå eit regionalt perspektiv.

3. Kartverket vurderer om grensene som går fram av grunnkrinsen har god nok kvalitet som grunnlag for ny kommunegrense.

Dei same instansane blir bede om uttale når det kjem til Norddal og Eidsdal. Her er også Stranda kommune ein av høyringspartane.

Tilrådinga kjem 23. mars

Frist for uttale om Liabygda er torsdag 1. mars. Frist for uttale om Norddal og Eidsdal er torsdag 15. mars.

Sluttmøte i sakene blir halde i Fylkeshuset i Molde onsdag 21. mars.

Fylkesmannen skal sende si tilråding til Kommunal- og moderniseringsdepartementet fredag 23. mars, og inviterer til pressekonferanse same dag.