Ny rekord for frosenpizzasalet i 2017

I fjor vart det salsoppgang for frosen pizza i Noreg for fjerde år på rad. Til saman vart det selt 50 millionar pizzaer i Noreg, meir enn nokon gong før.

Illustrasjonsbilete.  Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix / NPK

Nyhende

Det er tal frå analysebyrået Nielsen som viser at det er gjekk 50 millionar frosenpizzaer ut av norske butikkar i 2017, opplyser Orkla til NTB. Den tidvis utskjelte retten ser ikkje ut til å bli påverka av negativ omtale.

– Stordomstida for frosen pizza er no, slår kommunikasjonssjef i Orkla Bjørn Brennskag fast.

Selskapet står bak ei rad variantar av Grandiosa, som i 2017 fekk sin eigen salsrekord med 25,8 millionar selde pizzaer. Førre rekord var frå 2004 på 25,2 millionar.

– I tillegg kjem all pizzaen folk bakar sjølv, bestiller på døra eller i restaurant, set saman av bakemiksar og ferdigbotnar. Det er nordmenns favorittrett, så enkelt er det, seier Brennskag.

(©NPK)