Betydeleg snøskredfare på Sunnmøre

Nyhende

Varsom.no melde at faren for snøskred har gått opp til nivå 3, betydeleg, på Sunnmøre i dag, fredag.

Dei skildrar forholda som krevjande, og seier at skredproblemet finst alle plassar der det ligg mykje nysnø i bratt terreng.

– Unngå leområde der det legg seg opp ferske nysnøflak. Svake lag i snødekket gir ein utfordrande situasjon over mildvêrsgrensa.

Les heile varselet på varsom.no.