Inspirasjonskveld for frivillige

Førstkomande måndag, 12. februar, inviterer fleire aktørar til eit ope møte om frivilligheit.

Frå planleggingsmøtet: Fv. Hanne Kristin Støylen, Sunniva Rosenvinge, Aud Tomasgard Berstad og Marianne Omenås.  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Det er snart ein månad sidan flyktningtenesta, kultureininga og frivilligsentralen i Stranda kommune gjekk ut med ein felles appell i Sunnmøringen (11. januar). Nokre få har meldt seg i løpet av desse vekene, men framleis er behovet for fleire frivillige stort, seier Aud Tomasgard Berstad.


Behovet for frivillige er stort i Stranda kommune:

– Vi treng fleire hender, og yngre krefter

Solskinshistoriene om frivilligdomen i kommunen er mange, men behovet for meir engasjement er til stades.

 

Derfor ønskjer partane no å invitere til eit møte der idémyldring og inspirasjon står i fokus.

– Det er heilt fritt og uformelt. Dei som ikkje har vore frivillige før, men som kanskje kunne tenke seg det, kan kome og sjå og høyre kva det går ut på, seier Sunniva Rosenvinge i flyktningtenesta.

– Kanskje blir dei også inspirerte til å finne på noko nytt, eller dei kan vere med å gi litt kreativt påfyll til dei av oss som har halde på med dette ei stund, seier Berstad.

Håpar på god stemning

På agendaen er korleis ein kan realisere eigne og andre sine idear, men òg nettverksbygging og nye sosiale treffpunkt er sentralt.

– Det ligg i ordet at som frivillig kan ein gjere det ein vil. Derfor inviterer vi til dette uforpliktande møtet der både nye og erfarne kan utveksle sine tankar om aktuelle måtar å gi tilbake til samfunnet på, seier Berstad.

Fagleiar Hanne Kristin Støylen fortel at ho vil bruke anledninga til å orientere om til dømes kor mange flyktningar som bur i kommunen i dag, og svare på spørsmål som måtte dukke opp. Det kan hende fleire vil gjere nytte høvet til dette også, seier ho. Målsettinga er at det skal bli ein givande og triveleg kveld, seier kulturleiar Marianne Omenås:

– Vi håpar på stor stemning, mykje engasjement og kreative idear.