Måtte avlyse teaterframsyning

Biletet er frå ei av øvingane til HUL-teateret si romjulsfarse.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Nyhende

Laurdag kveld skulle Hellesylt Ungdomslag til Storfjord kulturhus med førestillinga «Her går det for seg», men den har blitt avlyst på grunn av sjukdom. Det skriv kulturhussjef Sigurd Drege på Facebook.

Dette var den einaste planlagde framsyninga på Stranda, og den blir ikkje sett opp igjen på eit seinare tidspunkt, opplyser Drege. Billettane blir derfor refunderte. Dei som er kjøpt i kulturhuset blir refundert der, og billettar kjøpt på nett blir refunderte via ebillett.no.