The Fjords:

Vil satsa på el-ferje i Geiranger

Reiarlaget The Fjords ser no på fleire alternativ for meir miljøvennlege ferjer på Geirangerfjorden.   Foto: Knut Fjeldstad / NTB scanpix / NPK

Nyhende

Går det som reiarlaget The Fjords håpar på, kan det om eit par år vera mogleg å setja inn ei el-ferje mellom Geiranger og Hellesylt som greier seg med ein ladestasjon.

The Fjords har dei siste åra fått mykje merksemd for den batteri- og dieseldrivne turistbåten "Vision of the Fjords". Snart får den prislønte turistbåten eit nytt miljøvennleg søsterskip som greier seg med berre batteri.


 

Nettavisa nett.no fortel at reiarlaget no også ser på fleire alternativ til meir miljøvennleg ferjedrift på Geirangerfjorden. Alternativa dreier seg både om å byggja om dagens ferjer til hydrogendrift, ferjer som går på naturgass eller som blir drivne på rein el-drift.


Stranda kommune la fram rapport torsdag:

Kartlegg moglege tiltak mot utslepp frå mindre fartøy

 

Men før selskapet investerer i ny teknologi er administrerande direktør Rolf Sandvik tydeleg på at reiarlaget treng ei avklaring rundt konsesjonen dei har til å driva ferje på Geirangerfjorden. Konsesjonen selskapet har i dag går ut i 2022.

(©NPK)