Høie utset nye legevaktkrav

Mange kommunar var ikkje klare til å gjennomføre nye legevaktkrav. No set helseminister Bent Høie den nye forskrifta på vent.

  Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

Nyhende

Ifølgje den planlagte forskrifta skulle alle legekontor ha ein med spesialkompetanse på vakt som kan vere tilgjengeleg for å assistere legekontoret. I små kommunar kunne dette bety ei stor belasting for enkeltlegar.

Helseminister Bent Høie har no utsett ordninga fram til 1. januar 2020, melder NRK.

– Evalueringa viser at for mange kommunar har utfordringar framleis. Derfor vel vi å utsette ordninga. Vi er også i ein situasjon der mange kommunar har utfordringar med å rekruttere fastlegar, og vi var redd for at dette ville forsterke problemet, seier Høie.

I høyringsrunden om forslaget til den nye forskrifta har fleire vore kritiske.

– Dette vil føre til ei stor belasting for dei som har nettopp denne utdanninga. Det vil bli vanskelegare å få tak i vikarar, og tiltaket som er sett for å hjelpe legeordninga kan ende opp med å svekkje den, seier Monica Sande, nestleiar i KS Nordland.

(©NPK)