Fjellvettreglane kjende for dei fleste – menn lever farlegast

Dei aller fleste menn har god tru på sine eigne kunnskapar om ferdsel i fjellet, men heile 20 prosent har opplevd farlege situasjonar på fjelltur.

  Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Nyhende

Halvparten av norske menn meiner dei har gode nok kunnskapar til å ferdast trygt i fjellet, mens fire av ti meiner dei til ein viss grad har det. Under ti prosent erkjenner at dei ikkje har gode nok fjellvettkunnskapar, viser ei undersøking Opinion har gjort på oppdrag for Røde Kors.

Undersøkinga viser samtidig at det er fleire menn enn kvinner som har opplevd farlege situasjonar i fjellet. Mens to av ti menn seier dei har opplevd dette, svarar i overkant av kvar tiande kvinne det same.

– Det er i større grad enn før snakk om fjellvettreglane, og dei er ein viktig del av turplanlegginga. Vi har sett ein gledeleg nedgang i alvorlege hendingar i vinterfjellet dei siste åra, men derimot har vi fått fleire hendingar knytt til dagsturar. Menn tar kanskje litt lettare på dagsturar i fjellet enn kvinner, seier Røde Kors’ president Robert Mood.

Saman med Den Norske Turistforening (DNT) arrangerte Røde Kors den såkalla fjellvettdagen måndag. Den første kvardagen i påskeveka har vore fast fjellvettdag sidan relanseringa av fjellvettreglane i 2016.

Oppsøkjer bratt terreng

Allereie i 1934 kom DNT med dei første råda for trygg og sikker ferdsel i fjellet i boka «Til fjells på ski – håndbok for høifjellsskiløpere». Saman med Røde Kors lanserte DNT ni fjellvettreglar i 1952 etter etterkrigsår der folk stadig oftare reiste til fjells og etter fleire dødsulykker i påskefjellet. Etter ulykkespåsken i 1967, då femten personar fraus i hel og to døydde i snøskred, var det duka for ei oppdatering av reglane.

Dei nye fjellvettreglane vart lanserte etter vinteren 2014/2015, då fire skiløparar døydde i snøskred og 117 personar var utsette for nestenulykker. Det vart då slått fast at det dei siste ti åra hadde skjedd ei stor endring i friluftslivet i Noreg, der stadig fleire oppsøkjer bratt terreng på ski og utset seg sjølv og andre for skredfare.

Mens fjellvettreglane på 50-talet var mynta på ei befolkning som i stor grad følgde kvista løyper frå hytte til hytte, er den nye utgåva meir tilpassa moderne bruk av fjellet. Dei gamle reglane «Gå ikkje åleine» og «Lytt til erfarne fjellfolk» vart tatt ut, mens reglar som «Tilpass turen etter evne og forhold» og «Ta trygge vegval. Kjenn att skredfarleg terreng og usikker is» kom til.

Fare på solskinsdagar

Undersøkinga viser at så mange som 85 prosent av Noregs befolkning har kunnskap om fjellvettreglane. Under halvparten av oss meiner likevel at kunnskap om fjellvettreglane er viktig før ein legg ut på korte dagsturar på ski i fjellet, noko som bekymrar både Mood og generalsekretær Nils Øveraas i DNT. Berre 37 prosent meiner fjellvettreglane er viktige når det er fint vêr.

– Sjølv om vêret er godt når ein legg i veg, er det ingen garanti for at resten av turen blir slik. Forholda endrar det seg fort i fjellet. Vi oppfordrar alle som planlegg turar i påsken til å ta turplanlegging og risikovurdering saman, slik at heile turgruppa er involvert, for eksempel som eit fast innslag ved frukostbordet, seier Øveraas.

Undersøkinga viser elles at folk er meir trygge enn før på å vurdere eigne ferdigheiter, bruk av kart og kompass og kva dei skal pakke i sekken. Samtidig er dei meir usikre på å vurdere skredfare og korleis ein skal bruke sikkerheitsutstyr som vindsekk og skredsøkjar.

Igjen er det menn som gjennomgåande føler seg tryggast når det gjeld å vurdere eigne ferdigheiter til fjells. Her inngår navigering, skredfarleg terreng og kunnskap om ekstrautstyr.

Fjellvettreglane

1. Planlegg turen og meld frå kvar du går.

2. Tilpass turen etter evne og forhold.

3. Ta omsyn til vêr- og skredvarsel.

4. Ver førebudd på uvêr og kulde, sjølv på korte turar.

5. Ta med nødvendig utstyr for å kunne hjelpe deg sjølv og andre.

6. Ta trygge vegval. Kjenn att skredfarleg terreng og usikker is.

7. Bruk kart og kompass, vit alltid kvar du er.

8. Vend i tide, det er inga skam å snu.

9. Spar på kreftene og søk ly om nødvendig.

(Kjelde: DNT/Røde Kors)

(©NPK)