Millionstøtte til stiar i Geiranger og Rauma

Fossestien i Geiranger og Romsdalseggen i Rauma får eit solid dryss med pengar kvar frå Miljødirektoratet.

Arkivbilete frå fossevandring i Geiranger i 2014.  Foto: Maria Nerhus

Nyhende

(Sunnmørsposten:) Det er 14 turmål rundt om i landet som har fått støtte gjennom tilskottsordninga Nasjonale turiststiar. Miljødirektoratet fordelar til samen 10,5 millionar kroner i støtte for 2018 frå Senja i nord til Lysefjorden i sør.

På Nordvestlandet får Fossestien i Geiranger 1,35 millionar og Romsdalseggen i Rauma 600.000 kroner, opplyser fagdirektør Berit Lein i Miljødirektoratet til Sunnmørsposten.

Mottakarane av pengane er høvesvis Stiftinga Geirangerfjorden versarv og Møre og Romsdal turistforeining. I Geiranger skal pengane nyttast til tilretting av sti-prosjektet. I Rauma går pengane både til tilrettelegging av sti, arbeid med besøksstrategi og informasjonstiltak, ifølgje ei melding frå direktoratet

Prosjekta som får støtte er turiststiar som har svært mange besøkande og ein stor del internasjonale gjestar. Tiltaka skal gjennomførast i løpet av året.

I løpet av 2018 skal ein også lage ein ordning der utvalde stiar kan bli autorisert som Nasjonal turiststi. Dei som slepp gjennom nålauge vil bli prioritert ved tildeling av midlar neste år.

Denne saka blei først publisert av Sunnmørsposten.