– Folk må slutte å parkere ved Villa Norangdal, her er ikkje plass!

– Ver så snill, ikkje køyr opp i tunet til Villa Norangdal på Fivelstadhaugen for å parkere. Her er ikkje plass!
Nyhende

(Møre-Nytt:) Eigar Iris Fivelstad hos Villa Norangdal er fortvila. Villparkering medfører store problem for Villa Norangdal, og dei to aktive gardsbruka på Fivelstadhaugen.

Berre for hotellgjestane

– Vi har stengt parkering for andre enn dei skigruppene som bur på hotellet. Det kjem langt fleire bilar enn det vi greier å handtere, seier Fivelstad.

Blæja

Det er meldt knallver i påska, og det er allereie stor utfart. Fivelstadhaugen er utgangspunkt for ein av dei mest populære fjellturane i området, Blæja.

Når folk kjem til Fivelstadhaugen, køyrer dei gjerne opp i tunet til Villa Norangdal for å parkere der. Men der er altså ikkje plass.

– Resultatet er at folk parkerer kvarandre inne. Det vert grisa til, og så er denne parkeringa til hinder for våre eigne gjester. Dei har Villa Norangdal som base, og reiser rundt både i Hjørundfjorden og Storfjorden for å finne eigna turmål. Dei risikerer ikkje å kome seg ut, fortel Fivelstad.

To gardsbruk

Dei to gardsbruka har 200 geiter og 80 vinterfôra sauer.

– Mjølkebilen er her annakvar dag, uansett om det er påske eller ikkje. Han må fram. Snart byrjar lamminga, og det kan verte behov for veterinærhjelp. Han må kome fram. Hotellet har også varetransport som må fram, fortel Fivelstad.

Ei betalingsløysing vil ikkje fungere, fordi det ikkje er mobiltelefondekning på Fivelstadhaugen, og det gjer det uråd å vippse til dømes.

Store snømengder

Problemet er ikkje nytt, og vegvesenet har vorte kontakta. Fivelstad har håp om at det let seg gjere å få stelt i stand ei parkering langs fylkesveg 655.

– Med dei snømengdene som er i år, vert det truleg ein lang sesong for skiturisme. Truleg heilt til juni, fortel Fivelstad.

Ho driv også ein kaffibar på Hellesylt, og der er det no mykje folk. Mange kjem til kaffibaren etter fjellturen for å ta seg ein rast der.

Vis varsemd i fjellet

Fivelstad synest det er flott at så mange tek turen opp i fjella, men ho ber folk vere varsame.

– Det er rasfare, og vi ser diverre ein del stygg skikøyring. Mange vil utfordre terrenget der det ikkje er skispor frå før. Men her gjeld regelen: «følg rygg, ver trygg». Det er ikkje noko poeng i å ta sjansar, oppmodar Fivelstad.

Denne artikkelen blei først publisert av Møre-Nytt.