Ønskjer innspel om breiband

Frustrasjonen har vore stor over dårleg breiband i Liabygda. Arkivbilete.  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Kommunen ønskjer innspel om kva område som har behov for breibandutbygging.

Stranda kommune skal sende søknad til fylkeskommunen om tilskot til breibandutbygging. I det høvet inviterer dei bedrifter, lag og organisasjonar og innbyggjarar til å kome med innspel innan den 30. april.

17 millionar til fylket

Det er sett av om lag 150 millionar kroner i statsbudsjettet for 2018 til utbygging av breiband i område som manglar grunnleggande breibandtilbod, og der det ikkje er kommersielt lønsamt å bygge ut. Av desse har Møre og Romsdal fått ei ramme på i overkant av 17 millionar kroner. Minst halvparten av midlane skal brukast til utbygging i område der det ikkje finnast breiband på minst 10 mbit/s. Resterande skal brukast til utbetringar i område som har under 30 mbit/s breiband. Vilkåra for å få støtte er at lokale bidrag skal utgjere minst 25 prosent av kostnadane ved utbygginga, og at alle husstandar og bedrifter innanfor dei områda som får støtte skal sitte att med eit reelt breibandtilbod.

Innbyggjarane på bana

Av område i Stranda som fell innom kriteria for søknaden listar kommunen opp Liabygda, Berge–Engeset, Fausa, Nibbedalen, Sunnylvsbygda, Opplendskedalen til Djupvasshytta, Langedalen (Hellesylt), Røyrhus, Flydal/Opplenskedal og Korsbakken–Overvoll.

No ber dei innbyggjarane kome på bana om det er andre område som burde vere med på lista eller andre forhold som bør vektleggjast.

– Vi er særleg interesserte i å få vite korleis eigeninnsats vert vurdert som finansieringskjelde, skriv kommunen.