Turistkommunar toppar lista for alkoholsal

Stranda kommune, med snart 1000 hytter, ligg som nummer 50 på lista, med eit alkoholsal per innbyggjar på 5,4 liter i 2016. Arkivbilete av hytter i Hevsdalen. 

Nyhende

Hyttekommunar som Hemsedal, Hol og Gol ligg på topp i alkoholsal per innbyggjar, ifølgje Folkehelseinstituttet. Det er første gong det blir laga ei slik oversikt.

Ifølgje Kommunal Rapport toppar Hemsedal lista over alkoholsal frå butikkar og vinmonopol med ei omsetning på 6,9 liter rein alkohol per innbyggjar i 2016. Så følgjer Hol (6,8 liter), mens Gol deler tredjeplassen med Balsfjord (begge 6,5 liter).

Balsfjord i Finnmark har 5.600 innbyggjarar og eitt pol. Rådmann Ellen Beate Lundberg trur plasseringa på lista kan forklarast med at kommunen har mange hytter.

– Viss berre innbyggjarane i Balsfjord hadde konsumert alkoholen, hadde det slått ut i form av behov for tenester frå kommunen. Men vi har ikkje observert noko unormalt. Forklaringa er mest sannsynleg at vi har mange hyttefolk som bur i nabokommunen Ballangen, der det ikkje er vinmonopol, seier Lundberg.

Nedst på lista finn vi kommunane Eidskog, Åsnes, Halden, Rakkestad, Kongsvinger, Sør-Odal og Grue – alle med eit sal på mellom 2,7 og 3,3 liter rein alkohol frå butikkar og pol. Felles for dei er den korte vegen til svenskegrensa.

(©NPK)