Påskequiz

Vi har pønska ut 20 spørsmål du skal få lov til å bryne deg på i påska. Klarer du alle saman?

PÅSKEQUIZ: Vi har pønska ut nokre superlokale quiz-spørsmål du kan få bryne dine små grå på – medan du les Hercule Poirot-bøkene, sjølvsagt!   Foto: Arkiv

Nyhende

Påsken er tid for å trene dei små grå, jamfør meisterdetektiven Hercule Poirot.

Så vi har førebudd nokre superlokale nøtter du kan bryne deg på i påska.

Klarer du alle, frå alle bygdelaga? Då er du flink!

Svar på påskequizen kjem i første avis etter påske, som blir gitt ut torsdag den 5. april.

Stranda tettstad

1. Kor mange vindauge er det på kommunehuset som ligg på Øyna?

2. Kva slag tre står planta utanfor Stranda kyrkje?

3. Kva er inskripsjonen på minnesteinen over P.I. Langlo?

4. Kor mange redaktørar har Sunnmøringen hatt sidan 1946?

5. Kor mange gondolar er det oppe på Strandafjellet?

Liabygda

1. Kor mange ulike sortar øl produserer Trollbryggeriet?

2. Kor låg den første ferjekaia i Liabygda?

3. Når vart Liabygda IL starta?

4. Kva framkomstmiddel står i uteområdet til Liabygda barnehage?

5. Kor hamner du hen når du fortset stia opp frå Overåsætra?

Geiranger

1. Kva kallar ein dei som kjem frå Geiranger?

2. Kor mange trappetrinn er det i Fossevandringa?

3. Kor mange svingar er det i Ørnevegen (frå Grande til Ørnesvingen)?

4. Når opna Hotell Union Geiranger dørene for første gong?

5. Kva er innbyggjartalet i Geiranger?

Sunnylven

1. Kva er namnet på den siste ordføraren i Sunnylven kommune?

2. Kva meiner ein sunnylving når dei snakkar om «gatepiker»?

3. Kva for slag næringsverksemd var det tidlegare i det som no er ein kaffibar i Hellesylt?

4. Kva husa tidlegare det som no er grendehuset i Sunnylvsbygda?

5. Kva er kartnemninga på Blæja?

Og berre fordi vi likar å vere vanskeleg: Den einaste svarte turen blant Stikk utturane på Sunnmøre, vart lagt til Stranda.

Kva er namnet på denne trimposten, og kva er talet på meter over havet på trimposten?