Strandafjellet i påska

Stor utfart og 34 skader

Linda Ludvigsen, Åshild Bogstad Stenberg og Emte Tafjord Ringstad, frivillige i Stranda Røde Kors. Illustrasjonsbilete.  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Søndag har vore ein roleg dag på Strandafjellet. Det har vore forholdsvis liten utfart og ingen skader, melder Røde Kors sin infosentral.

Generelt har det vore moderat og liten utfart og få skader i heile Møre og Romsdal i dag, noko som nok kan sjåast i samband med vêret.

Tidlegare i påska har utfarten vore stor.

Røde Kors har hatt mellom 10 og 12 vakthytter bemanna kvar dag i fylket, og talte laurdag ettermiddag 90 behandla skader, samt ein god del transportoppdrag utført for AMK-sentralen.

34 av dei 90 skadane har skjedd på Strandafjellet, som har vore den utfartsplassen med størst pågang ifølgje infosentralen.

Tidleg påske og fint vêr har freista mange opp på fjellet. Samanlikna med påska i fjor har det vore mykje meir aktivitet ved utfartsstadane i Møre og Romsdal.