Framleis moderat skredfare

Snøskredfaren på Sunnmøre er justert ned til moderat, men det er framleis viktig å vise aktsemd. Illustrasjonsbilete.  Foto: Oscar Almgren/Uteguiden AS (Arkiv)

Nyhende

Etter stor skredaktivitet i regionen i påska, har det roa seg dei siste dagane.

Skredfaren på Sunnmøre vart laurdag justert frå betydeleg til moderat. Samanlikna med påska er fareteikna no færre, men det er framleis viktig å vise aktsemd. Vedvarande svake lag i snødekket gjer det krevjande å gjere lokale skredfarevurderingar. Varsom.no rår til å unngå ferdsel i skredterreng.

Aktsemd i bratte heng

Sjansen er størst for å løyse ut skred der snødekket er tynt, nær rygger og framstikkande steinar. Drønnelyder og skytande sprekkar er tydelege fareteikn, men om du ikkje ser slike betyr det ikkje at det er trygt. Det krev mykje kunnskap å kjenne att svake lag i dekket.

Den nye snøen som har kome fester seg dårleg til den glatte skaren under.

– Skredproblemet finnast overalt der ligg mykje nysnø i bratt terreng. Vær forsiktig med bratte heng under snøfall og til nysnøen har stabilisert seg. Hald avstand til kvarandre ved ferdsel i bratt heng, skriv varsom.no.

1. påskedag vart det gjort fleire observasjonar av overflaterim. Denne kan no ha snødd med, og på sikt vil det lage eit svakt lag.