Statsskog deler ut pengar til friluftsliv

Pengane frå Statskog kan mellom anna gå til å rydda turstiar.  Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix / NPK

Nyhende

Lag og foreiningar i heile landet som har planar om ulike friluftsaktivitetar, kan no søkja støtte hos Statsskog.

Kvart år deler Statskog ut ein million kroner til ulike friluftstiltak i heile landet. Pengane blir delte ut etter søknad to gonger i året, og no er det klart for den første tildelingsrunden i år.

– Vi vel ut 70–80 søkjarar i kvar runde som får 5.000 eller 10.000 kroner. Det er jo ikkje dei heile store summane, men det er utruleg kva frivillige organisasjonar kan få ut av pengane, seier kommunikasjonssjef i Statskog, Trond Gunnar Skillingstad i ei pressemelding.

Tidlegare har tildelingane mellom anna gått til alt frå oppgradering av stiar til buldrevegg, utedo og benker på utsiktspunkt.

(©NPK)