Framtidig legevakt i Stranda kommune

Har forhandla fram avtale med Sykkylven

Stranda kommune har forhandla fram avtale om legevaktsamarbeid med Sykkylven.
Nyhende

Saka skal til uttale hjå Rådet for funksjonshemma den 10. april.

I saksinnstillinga frå rådmannen, blir det rådd til at ein godkjenner den framforhandla avtalen med Sykkylven legevakt SUS for innbyggarane i Stranda tettstad og Sunnylven

For Geiranger og Liabygda tilrår rådmannen at det blir godkjent legevaktavtale med Ørskog interkommunale legevakt.

Begge avtalene skal gjelde frå 1. mai i år og fram til 1. mai 2020.

For Stranda tettstad og Sunnylven vert det rådd til å seie opp legevaktavtalen med Ålesund på natt.

Selskap under stifting

Sykkylven legevakt SUS er eit selskap under stifting, og kan drifte legevakt utanom kontortid for Stranda og Sunnylven i tida 1530 til 0800 kvardagar. Helg og høgtid frå 0800 til 0800.

Ørskog interkommunale legevakt har opningstid frå 1530 til 2200 kvardagar, samt laurdagar helge- og høgtidsdagar frå 0800 til 2200. Samarbeidet med Ørskog, som gjeld Liabygda og Geiranger, varer fram til Ørskog blir ein del av Nye Ålesund kommune.

I avtalen med Ørskog er det presisert at legevakta ikkje kan rykke ut til pasientar i Geiranger, av omsyn til beredskapen ved legevakta. Ein har her eit godt samarbeid med helseforetaket om bruk av den akuttmedisinske tenesta. På natt vil legevakta gå i Ålesund, frå 2200 til 0800 alle dagar.

Fordi ein no vil seie opp avtalen med Ålesund for Stranda tettstad og Sunnylven, må legevaktsamarbeidet med Ålesund bli reforhandla på vegner av Liabygda og Geiranger.