Elevar ved Ringstad skule

Skal på batterijakt

  Foto: Miljøagentane

Nyhende

Måndag går startskotet for årets batterijakt. I løpet av tre veker skal 13 000 fjerdeklassingar over heile landet konkurrere om å samle inn flest mogleg brukte batteri og levere dei til gjenvinning. Det opplyser arrangøren Miljøagentane, miljøvernorganisasjonen for barn, i ei pressemelding.

I Sunnmøringen sitt nedslagsfelt er det Ringstad skule som er påmeldt i konkurransen. Eidsdal skule, Valldal skule og Tandstad skule på Straumgjerde er og blant dei 36 påmelde skulane i fylket.

Samla inn 80 tonn i fjor

Batterijakta blir arrangert for sjette gang, og i løpet av desse åra har elevane samla inn over 350 tonn brukte batteri.

I fjor vart det samla inn 80 tonn. Det var Bryn skule i Oslo som samla inn flest batteri, over 42 kilo per elev (2 272,5 kg til saman), og som dermed vann konkurransen. Når det kjem til flest batteri per elev, kom Velledalen Montessoriskule på tredjeplass i landet. Dei flinke elevane hadde i snitt samla inn 87,38 kilo kvar (349,5 kg til saman).

Hovudpremien til den beste klassen er 30 000 kroner. Dette blir ein oppfordra til å bruke på noko miljøvenleg som kjem heile klassen til gode.