Norske bønder må hente fôr i Nederland

Fôrimportør fryktar fôrkrise i Noreg dersom våren blir sein.  Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix/ NPK

Nyhende

Mange graslager her heime er tømde som følgje av dårleg avling i fjor. No må enkelte heilt til Nederland for å skaffe fôr.

– Dei siste par månadane har vi måtta importere frå Nederland for å dekke etterspurnaden. Det har eg aldri vore borti før, seier Alf Steinhovden i Vestfôr A/S til NRK.

Han har selt fôr i 25 år, men aldri opplevd noko som liknar situasjonen i år.

– Når du skal selje fôr lyt du vere glad for stor pågang, men no blir det nesten for mykje. Eg har vore nær ved å seie at no kan eg ikkje love noko meir for eg har ikkje større importkvote, seier han.

Han fryktar det kan bli fôrkrise dersom våren blir sein.

(©NPK)