Fenalår frå Noreg

Organiserer studietur for franske kundar i Stranda

«Fenalår frå Noreg» inviterer med seg franske kundar og journalistar til ein studietur til Stranda i juni. Delegasjonen skal mellom anna vitje Grilstad-fabrikken. Arkivbilete.  Foto: Maria Nerhus

Nyhende

Sidan 2015 har produsentsamanslutninga «Fenalår frå Noreg» jobba for å få innpass i den franske marknaden. No inviterer dei med seg franske og nokre tyske kundar på studietur til Stranda kommune.


Signerte eksportkontrakt

No blir fenalår frå Tind å finne på matfat i Frankrike – og Sveits.

 

Turen startar med workshop, middag på Skinkerådhuset og overnatting på Stranda Hotel søndag 3. juni. Måndag blir det fabrikkbesøk hos Grilstad, lunsj på Skinkerådhuset, besøk hos ein lokal sauebonde, fagleg seminar og tur til Geiranger, der dei skal overnatte på Hotel Union.

Det blir tid til ei fagleg oppsummering før heimreise tysdag 5. juni.

Dette kjem fram i ein invitasjon som «Fenalår frå Noreg» har sendt til landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp). Departementet opplyser at dei ikkje har teke stilling til invitasjonen enda.

Norske og franske journalistar er og inviterte, samt Matmerk.

I november i fjor vart norskproduserte fenalår inkludert i EU sin meisterliga for mat. Dette inneber at ein no er i same klasse som andre geografisk beskytta produkt, til dømes parmaskinke, roquefortost og champagne.