Regjeringa går inn for "Vestland fylke"

Kommunalminister Monica Mæland møtte i januar representantar for dei fire fylkeskommunane på Vestlandet for å høyra meir om synspunkta deira på namnevalet til det nye storfylket. Bak: fylkesordførar i Møre og Romsdal Jon Aasen (Ap), framme f.v.: fylkesvaraordførar i Rogaland Marianne Chesak, kommunalminister Monica Mæland (H), fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun (Ap) og fylkeskordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling (Sp).   Foto: Margunn Sundfjord/NPK

Nyhende

Kommunal- og moderniseringsdepartementet foreslår Vestland, Viken og Innlandet som namn på dei nye storfylka Hordaland og Sogn og Fjordane; Buskerud, Akershus og Østfold; og Oppland og Hedmark.

Dermed har kommunalminister Monica Mæland (H) valt å leggje mindre vekt på protestane frå nabofylke og faglege innvendingar frå Språkrådet enn på vedtaka dei aktuelle fylkestinga sjølve har gjort.

– Omsynet til det kommunale sjølvstyret har vege tungt, men vi har òg gått nøye gjennom tilrådingane frå Språkrådet om namneval. Når fylkeskommunane har vorte einige om eit nytt namn og valt skrivemåte, har dette vore avgjerande for regjeringa, seier Mæland , som sparkar ballen vidare til Stortinget.

Stortinget skal gjere dei endelege vedtaka før sommaren.

– Namn med potensial

Fylkesordførarane i Sogn og Fjordane og Hordaland, Jenny Følling (Sp) og Anne Gine Hestetun (Ap), er begge godt fornøgde med at departementet no støttar namnet fylkestinga deira har vedtatt.

– Tilrådinga følgjer opp ønsket frå eit samla fylkesutval og fylkesting i Sogn og Fjordane, og eg trur det kan vere med og byggje ein identitet for vestlandsfylket, seier Følling.

– Dette er eit namn som har stort potensial, og som det er brei oppslutning om, seier Hestetun.

Språkrådet har meint at både Vestland og Vestlandet er problematiske fylkesnamn ettersom berre to av dei fire fylka på Vestlandet er med. Språkekspertane har meint at Bjørgvin, Bergenhus eller Gula kunne vere meir treffande og historisk funderte alternativ. Vidare meiner dei at Viken burde heite Vika i pakt med det som er vanleg uttale i det aktuelle området, mens Innlandet er for generelt og manglar tradisjonar.


Den nye inndelinga av Noreg:

* Vestland: Hordaland og Sogn og Fjordane

* Viken: Buskerud, Akershus og Østfold

* Innlandet: Oppland og Hedmark

* Troms og Finnmark / Romsa ja Finnmárku / Tromsa jan Finmarkku

* Vestfold og Telemark

* Agder: Vest-Agder og Aust-Agder

* Trøndelag/Trööndelage: Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag (slått saman frå 1. januar 2018)

* Møre og Romdal

* Rogaland

* Oslo

* Nordland

 

Forvirrande namn

Språkdirektør Åse Wetås meiner Vestland er eit enda dårlegare fylkesnamn enn Vestlandet, som Språkrådet òg har åtvara mot.

– Vestland er eit namn som ikkje finst per i dag, og vi meiner dette kjem til å skape meir forvirring enn oppklaring, seier Wetås til Stavanger Aftenblad.

– Den faglege tilrådinga vår er meir i tråd med dei kulturhistoriske tradisjonane i området. Da hadde namn som Gula, Bjørgvin eller Bergenhus passa betre, seier ho.

Språkdirektøren strekar under at Språkrådet berre gir råd, men hadde likevel ønskt at styresmaktene hadde vektlagt innspela deira.

Samiske namn

I proposisjonen til Stortinget gjer departementet elles framlegg om dei mindre omdiskuterte fylkesnamna Vestfold og Telemark, Agder og Troms og Finnmark.

Fylket lengst nord i landet får elles dei jamstilte samiske namna Romsa ja Finnmárku og Tromsa jan Finmarkku, ifølgje framlegget. Regjeringa vil dessutan gi det nye Trøndelag fylke eit jamstilt samisk namn: Trööndelage.

(©NPK)