Vis varsemd i fjellet

Faren for snøskred er i vårt område på farenivå 3 - betydeleg.

Snøskredfaren på Sunnmøre er justert ned til moderat, men det er framleis viktig å vise aktsemd. Illustrasjonsbilete.  Foto: Oscar Almgren/Uteguiden AS (Arkiv)

Nyhende

Det er eit komplekst snødekke, med nysnøflak i mange himmelretningar og fleire vedvarande svake lag. Ferdsel i skredterreng frårådast, står det på varsom.no.


Fredag gjekk det ikkje mindre enn fiem snøskred i Møre og Romsdal: På Grøthornet i Ørsta, Steinberget i Isfjorden, Harstadfjellet i Gjemnes, på Blånibba i Isfjorden og på Strandafjellet.

I Stranda er det observert både ferske sprekker i snølaget og observert drønn i regionen.

På varsom.no står det i skredvurderinga for Sunnmøre:

"Dei siste dagane har det kome opptil 40 cm nysnø i regionen, og nokre stadar har denne blitt påverka av vind frå vekslande retning. Under den ferskaste nysnøen, er det bærande skare i alle himmelretningar opp til tregrensa. Over tregrensa er det tynn skare i bratte solvendte heng ellers laus snø.

Det er vedvarande svake lag på fleire dybder i snødekket. I overgangen mellom nysnøen og det eldre snødekket er det kantkorn og stadvis rim. Lenger nede i snødekket er det eit kantkornlag som ga skred tidleg i påska. Det varierer mykje i regionen på kvar dette har gunstige nok eigenskapar til å gi skred.

Etter siste snøfall har det gått fleire flakskred. Blant anna gjekk det person- og fjernutløyste skred på Grøthornet og Strandafjellet fredag. På laurdag føremiddag gjekk det skred fleire stadar i Ørsta, blant anna med Bondalseidet.

I tillegg er det observert drønn fleire stadar i regionen, både i Strandadalen, Kvistaddalen og på Standalseidet."