Den kalde vinteren kan gi kraftig pollenspreiing

Illustrasjonsfoto.  Foto: Inger Robøle Kristiansen / NPK

Nyhende

Mange stadar har vinteren vore svært kald. Dermed kan spreiinga av enkelte pollentypar bli svært kraftig når pollensesongen startar.

Dei låge temperaturane i vinter og tidleg på vårparten har ført til at blomstringa er blitt utsett mange stadar i landet.

No åtvarar forskar Hallvard Ramfjord ved institutt for biologi ved NTNU om at dette kan føre til at spreiinga av pollen blir kraftigare enn vanleg når den først set i gang.

– Det vil kunne bli frigjort ganske mykje pollen på relativt kort tid i startfasen, først og fremst frå or og hassel. Verknaden for allergikarar vil vere at eksponeringa blir mykje kraftigare enn den ville vore elles, seier Ramfjord til NRK.

Også pollenspreiinga frå selje, pil og vier vil kunne bli kraftigare når blomstringa set i gang. Forskaren trur likevel at det bli ein ganske normal sesong for gras- og bjørkepollen.

Denne veka er det varsla høgare temperaturar i Sør-Noreg. Dermed kan pollenspreiinga begynne for alvor dei nærmaste dagane.

(©NPK)